Advokatfirma Handeland Døssland & Co er med åtte advokatar/advokatfullmektigar det største advokatfirmaet i Sunnhordland og Hardanger, og blant dei største juristkollegia i regionen. Vi har kontor i Leirvik på Stord og på Husnes i Kvinnherad. Samla dekkjer vi dei aller fleste rettsområde, og advokatane våre arbeider både for næringslivet, det offentlege og privatpersonar. .


I tillegg til den reine advokatverksemda er Advokatfirma Handeland Døssland & Co ein stor lokal eigedomsmeklar, og meklar både bustad-, fritids-, landbruks- og næringseigedom. Frå 15. september vil all eigedomsmekling bli utført gjennom Eiendomsmegler 1. Det vil framleis vere juristane i Advokatfirma Handeland Døssland & Co som utfører meklinga, men som følgje av samarbeidet med Eiendomsmegler 1, vil meklinga skje i Eiendomsmegler 1 sitt system.


I tillegg til den tradisjonelle eigedomsmeklinga tar vi oppdrag som gjeld sal/utfisjonering av selskap der fast eigedom er vesentlege eigedelar i selskapet.