Framsida

Velkommen til Advokatfirma MNA Handeland Døssland & Co AS

 


Advokatfirma Handeland Døssland & Co AS er eit av dei større advokatfirma i regionen, og har kontor både på Stord og i Kvinnherad. Kontoret tar oppdrag både for privat og offentleg sektor. 

Frå 2011 har vi oppretta eige rekneskapsselskap, Handeland Døssland & Co Rekneskap AS. Dette bidrar til å styrke vår samla satsing på næringslivet, og aukar kompetansen og kapasiteten til å handtere saker som krev rekneskapskompetanse i tillegg til den juridiske.
 

Vi har fullverdige kontor i Leirvik sentrum på Stord og i Husnes sentrum i Kvinnherad. Advokatane våre arbeider like gjerne frå det eine som frå det andre kontoret, gjennom integrerte tekniske løysingar. Samla dekkjer vi dei aller fleste rettsområde, og advokatane våre arbeider både for næringslivet, det offentlege og privatpersonar.

 

Firmaet har vore i jamn vekst sidan starten, og det er ein medviten strategi. Gjennom å byggje opp eit stort, robust og kompetent juristkollegium vil vi vere i stand til å tilby konkurransedyktige advokattenester på alle sentrale rettsområde for sunnhordlandsregionens næringsliv, kommunar og privatpersonar. Advokatfirma Handeland Døssland & Co har ressursar til å handtere komplekse saker, både gjennom komplementær kompetanse og gjennom lagarbeid. Ved å byggje eit firma som har heile sunnhordlandsregionen som primærområde, og med kontor i to sentrale tettstadar i Sunnhordland, kan vi tilby klientar i heile Sunnhordland (og delar av Hardanger) rask og personleg oppfølgjing. Haldninga vår er at vi skal kombinere lokal tilknyting og kjennskap med høg kvalitet på tenestene.

 
 
 
 
Telefon 53 47 01 80 - Telefaks 53 47 01 89 
 E-post: firmapost@hdco.no
Dynamiske websider: iDrift AS, Design: Ibox AS